Mona Høvring

Mona Høvring (fødd 8. oktober 1962 i Haugesund)[1] er ein norsk forfattar av lyrikk og romanar. Ho debuterte med diktsamlinga IIK!! Ein dialog i 1998 og den første romanen, Noe som hjelper, kom ut i 2004.[2]

Mona Høvring
Nasjonalitet Norsk
Fødd 8. oktober 1962 (58 år)
Haugesund
Yrke Forfattar
Prisar Språklig samlings litteraturpris i 2012
Debut IIK!! Ein dialog (diktsamling) (1998)

I 2012 vart ho tildelt Språklig samlings litteraturpris for sitt forfattarskap.[2]

Høvring vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2014 for romanen Camillas lange netter frå 2013.[3]

BibliografiEndra

  • Camillas lange netter (roman, Oktober, 2013)
  • Venterommet i Atlanteren (roman, Forlaget Oktober, 2012)
  • Ekornet og den vaklevorne brua (dikt, Oktober, 2010)
  • Å Paradis (dikt, Oktober, 2008)
  • Helt vanlige mirakler (dikt, Oktober, 2006)
  • Noe som hjelper (roman, Oktober, 2004)
  • Ensomme badedager og andre dikt (dikt, Oktober, 2000)
  • IIK!! Ein dialog (dikt, Gyldendal Norsk Forlag, 1998)

KjelderEndra

  1. «Mona Høvring». Store norske leksikon. Henta 24. september 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Mona Høvring». Oktober forlag. Henta 24. september 2014. 
  3. «De nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2014». Norden.org. Henta 24. september 2014.