Gyldendal Norsk Forlag

Gyldendal Norsk Forlag AS (OSE: GYL) er eit forlag i Oslo, eigd av almennaksjeselskapet Gyldendal ASA.

Gyldendal Norsk Forlag


Danskehuset i Ibsen-hallen i Gyldendalhuset, forlagets nybygg bak den gamle fasaden på Sehesteds gate i Oslo. Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.946163899
BransjeForlagsverksemd
Skipa28. januar 1988
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarJohn Tørres Thuv (2016)[1]
Nettstadhttps://gyldendal.no (norsk)

Historie endre

Forlaget vart oppretta i 1925 med at det danske forlaget Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag i København selde si eiga norske avdeling til dette nyskipa norske forlaget, og på det viset overdrog til det nye forlaget i Oslo rettane sine til å utgje bøker av norske forfattarar. Med dette vart rettane som det danske Gyldendal hadde til verka av forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie og Alexander Kielland, dei såkalla «fire store», overførte til eit norsk forlag. Av di det til dess ikkje hadde vore noko brukbart forlag i Noreg, hadde desse «fire store» og andre norske forfattarar gjeve ut bøkene sine på Gyldendal i København, og dette var bakgrunnen for at Gyldendal i København hadde laga seg si eiga norske avdeling for bøker av norske forfattarar. I Noreg vart det sett på som ei kulturell oppgåve av stort nasjonalt verde å få kjøpt heim rettane til å gje ut verka av desse «fire store».

Gyldendal er eit av Noregs største forlag. Saman med H. Aschehoug & Co (W Nygaard A/S) eig Gyldendal

Gyldendal Norsk Forlag overtok skulebokavdelinga i Fabritius forlag i 1982, Tiden Norsk Forlag i 1991, Ad Notam i 1992 og Forlaget Yrkesopplæring i 1999. I 1999 overtok Gyldendal Norsk Forlag saman med Aschehoug Universitetsforlaget.

Direktørar endre

I 2000 omorganiserte dei konsernet Gyldendal ASA og forlagsverksemda er no samla i Gyldendal Norsk Forlag AS og i det selskapet inngår no forlaga Gyldendal, Gyldendal Akademisk, Gyldendal Fakta, Gyldendal Rettsdata, Gyldendal Barn & Ungdom, Gyldendal Undervisning, Gyldendal Yrkesopplæring, Tiden Norsk Forlag AS og imprinten Kolon Forlag. Geir Mork har frå 2000 vore konsernsjef i Gyldendal ASA.

Kontor endre

Forlaget har bygd seg nytt hovudkontor på tomta mellom Sehesteds gate (Sehesteds plass) og Universitetsgata i Oslo ved å rive bygningane for det gamle hovudkontoret, men slik at fasadeveggane mot dei to gatene vart teke vare på som eit ytre skal. Huset er teikna av arkitekt Sverre Fehn, og vart teke i bruk i 2007. I den såkalla Ibsen-hallen vart det reist ein kopi i full storleik av fasaden på den bygningen i København som hadde hysa Gyldendal i forlagets fyrste tid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre