AS Monaco
Association Sportive de Monaco Football Club, i Noreg kjend som Monaco er ein fransk-registrert fotballklubb i Monaco. Klubben vart skipa i 1924 og vann i 2012/13-sesongen Ligue 2 i Frankrike og rykte opp. Trass i at klubben høyrer heime i fyrstedømmet Monaco, vert laget rekna for å vere eit fransk lag, ettersom klubben spelar i det franske seriesystemet, og fordi fyrstedømmet Monaco ikkje er medlem av det europeiske fotballforbundet UEFA.
Fullt namn | Association Sportive de Monaco Football Club |
---|---|
Kallenamn | Lés Monégasques «Gassarane» Les Rouges et Le Blanc «Dei raude og blåe» |
Kort namn | ASM |
Grunnlagd | 25. august 1924 |
Heimebane | Stade Louis II (kapasitet: 18,524) |
President | Dmitrij Rybolovlev |
Hovudtrenar | Leonardo Jardim |
Liga | Ligue 1 |
Nettstad | Heimeside |
![]() |
Monaco er ein av dei klubbane i Frankrike som har hatt størst suksess. Klubben har vunne sju seriemeisterskap, sist i 2000, og fem gongar sikra seg pokalen som vinnar av den franske cupmeisterskapen. Monaco spela seg i 1992 fram til finalen i Cupvinnarcupen og i 2004 til finalen i Meisterligaen. Ved begge høva vart det tap; i 1992 mot Werder Bremen med 0-2 i Lisboa, og i 2004 mot FC Porto med 0-3 i Gelsenkirchen.
Laget spelar heimekampane på Stade Louis II, eit stadion med plass til 18 523 tilskodarar. Monacos tradisjonelle draktfargar er raudt og kvitt.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «AS Monaco FC» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2013.