Opna hovudmenyen
Symbol for mono (1.0)

Monoopptak, eller monofoni, er innan lydteknikk ei nemning ein-kanals lagring og attgjeving[1][2]. Dette er i motsetnad til stereofoni, som har minst to kanalar, og 3D-lyd, som nyttar mange kanalar.

Ved bruk av mono treng ein berre ein høgtalar; om ein har fleire høyrer ein same lyd i alle. Monofonisk attgjeving har ikkje muligheit for romleg plassering av dei ulike instrumenta.

Monofonisk attgjeving vart nytta medan 78-plater og den fyrste generasjonen langspelplater (mikrorilleplater) var det det vanlegaste distribusjonsformatet for lyd. I 1958 kom dei første stereoplatene i vanleg sal[3] og monoplater vart etter kvart fasa ut.

Sjå ògEndra

ReferansarEndra

  1. Streichler, R. og Everest, F.A., The new stereo soundbook, 2. utg., Audio Engineering Associates1998.
  2. Watkinson, J., The art of sound reproduction, Focal Press, 1998.
  3. Dickreiter, M., Handbuch der Tonstudiotechnik, 6. utg., K.G. Saur, 1997.
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.