Monocytt
Monocytt er ein type kvit blodlekam. Desse blodlekamane har til jobb å ete opp daudt vev og bakteriar som ikkje er velkomne i kroppen. Cellene er kjenneteikna av ei stor bønneforma cellekjerne. Dei utgjer mellom tre og åtte prosent av dei kvite blodlekamane.

Monocyttar farga lilla under eit mikroskop, omgjevne av raude bloceller.
Monocyttar speler også ei svært viktig rolle i immunforsvaret ved at dei «dirigerer» den fyrste responsen kroppen har på ein infeksjon. Som mange andre kvite blodceller blir monocyttar danna i beinmergen frå stamceller. Dei sirkulerer i blodstraumen i 1-3 dagar før dei går inn i vevet. Rundt halvparten av monocyttane blir lagra i milten.[1]
KjelderEndra
- monocytter i Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Monocytt» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Monocyte» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2012.
- Fotnotar
- ↑ Swirski FK, Nahrendorf M, Etzrodt M, Wildgruber M, Cortez-Retamozo V, Panizzi P, Figueiredo J-L, Kohler RH, Chudnovskiy A, Waterman P, Aikawa E, Mempel TR, Libby P, Weissleder R, Pittet MJ. (2009). Identification of Splenic Reservoir Monocytes and Their Deployment to Inflammatory Sites. Science, 325: 612-616. doi:10.1126/science.1175202 PMID 19644120 (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)