Monofyletisk gruppe
(Omdirigert frå Monofyli)
Ei monofyletisk (av gresk, monos = ein og fylos = rase) eller holofyletisk (av gresk, holos = heil og fylos = rase) gruppe er ei biologisk gruppe som består av alle etterkommarane til ein felles stamfar. Dette står i motsetnad til parafyletiske grupper og polyfyletiske grupper.