Polyfyletisk gruppe
(Omdirigert frå Polyfyletiske grupper)
Ei polyfyletisk (av gresk: poly = mange og fylos = rase) gruppe er i evolusjonsbiologien ei gruppe som består av fleire ulike grupper med ulikt evolusjonært opphav. Dette kjem som regel av at forskarar har tolka like trekk som teikn på slektskap når desse eigentleg har utvikla seg uavhengig av kvarandre hjå dei ulike gruppene. Polyfyli står i motsetnad til monofyli.