Monografi (gresk: monos ein og graphein, skrive) er skrift om eit enkelt, avgrensa emne.

Omgrepet blir brukt innanfor biblioteks- og informasjonsvitskap som motsetnad til periodikum, altså eit verk som ikkje er endeleg avslutta, men kjem ut over ein periode, også kalla ein serie, eller løpande som ei avis eller liknande. I denne meininga av ordet er eit samleverk, ein antologi rekna for å vere ein monografi.

Omgrepet blir også brukt i ei anna og snevrare tyding, om eit verk om eitt enkelt emne skrive av ein forfattar. I denne siste tydinga av ordet er ein antologi ikkje ein monografi.

Det er ikkje berre bøker som kan kallast ein monografi.

Kjelder endre