Mont Clapier (italiensk Monte Clapier) er ein fjelltopp på 3 045 meter over havet i Kystalpane. Grensa mellom den italienske provinsen Cuneo og regionen Provence-Alpes-Côte-d'Azur i Frankrike går over fjelltoppen. Fjellet ligg i Mercantour nasjonalpark.

Mont Clapier
fjell
Mont Clapier
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Dei maritime Alpane
Høgd 3 045 moh.
Førstestiging 1832
Koordinatar 44°6′58″N 7°25′9″E / 44.11611°N 7.41917°E / 44.11611; 7.41917
Kart
Mont Clapier
44°06′53″N 7°25′11″E / 44.114638888889°N 7.41975°E / 44.114638888889; 7.41975
Wikimedia Commons: Mont Clapier

På den italienske sida av Monte Clapier ligg den sørlegaste isbreen i Alpane, i kring 40 km frå havet. Fjelltoppen er den aller sørlegaste 3000-meters-toppen i heile Alpane.

Geologisk består fjellet av gneis isprengt granitt, med innslag av migmatitt.

I 1832 kleiv Luigi Cossato til topps som fyrstemann. Han gjekk ut frå landsbyen Entranque i Cuneo-provinsen.

Kjelder endre