Geologi (frå gresk γη, gē-, «jorda» og λογος, logos, 'ord, meining') er vitskapen og studiet av jorda, samansetninga, strukturen og dei fysiske eigenskapane hennar, den historiske utviklinga og prosessane som skapar henne.

Geologi studerer jorda og dei ulike prossessane som har utforma henne.

Geologar har sett alderen på jorda til ca. 4,5 milliardar år. Dei har au funne ut at jordskorpa er oppdelt i tektoniske plater som rører seg over ein halvsmelta mantel (astenosfære) via prosessar som samla blir referert til som platetektonikk. Geologane hjelper til med å finne og forvalte dei naturlege ressursane til jorda. Dette kan vera olje, kol, metall (til dømes jern, kopar og uran), mineral (til dømes asbest, perlitt, glimmer, fosfatar, zeolittar, leire, pimpstein, kvarts og silika) og grunnstoff (til dømes svovel, klor og helium).

Astrogeologi refererer til bruken av geologiske prinsipp på andre lekamar i solsystemet. I tillegg er spesielle omgrep som selenologi (månestudiar), areologi (marsstudiar), og så bortetter au i bruk.

Ordet «geologi» blei for fyrste gongen nytta av Jean-André Deluc i 1778 og introdusert som ein meir bunden term av Horace-Bénédict de Saussure i 1779. Ei eldre tyding av ordet blei først bruka av Richard de Bury. Han nytta det til å skilje mellom jordisk og teologisk jus.

Viktige geologiske prinsipp endre

Det er nokre viktige grunnsatsar i geologi. Mange av dei ser på moglegheita til å datere dei relative aldrane til lag i berggrunnen eller korleis dei har blitt danna.

Prinsippet om intrusive forhold ser på kryssande intrusive bergartar. Når ein vulkansk bergart kuttar tvers over ein lagpakke av sedimentære bergartar, kan det bli bestemt at den kryssande intrusive bergarten er yngre enn dei seidmentære. Det finst mange forskjellige typar intrusivar.

Prinsippet om krysskuttande forhald går på danning av forkastingar og alderen på lagpakka dei klipper. Forkastingar er ynger enn berget dei kuttar. Difor: ein forkasting som kuttar nokre lag, men ikkje dei på toppen vil vera eldre enn dei ho kuttar, men yngre enn dei ho ikkje kuttar.

Prinsippet om innleiringar og komponentar viser at med sedimentære bergartar som har innleiringar (klastar), da må vere eldre enn lagpakka som inneheld dem. Til dømes i sedimentære bergartar er det vanleg at grus frå ein tidlegare lagpakke blir riven opp og avsett i eit nyare lag. Ein tilsvarande situasjon skjer der xenolittar blir funne. Desse framandlekamane blir plukka opp mens magma og lava flyt for seinare å bli kjølt ned som ein del av grunnmassen. Resultatet er at xenolittane er eldre enn berget som inneheld dei.

Prinsippet om likemessigheit (uniformitet) seier at dei geologiske prosessane som verkar på skorpa til Jorda i dag har verka på same måten over geologisk tid. Eit grunnprinsipp i geologi, som blei sett fram av den skotske fysikaren og geologen James Hutton, som levde på 1700-talet er følgjande: «Nåtida er nøkkelen til fortida», eller i Huttons eigne ord: «den tidlegare historia til planeten vår må bli forklart av det vi kan sjå skje nå».

Prinsippet om horisontalt opphav seier at avsetjingar av sediment hender hovudsakleg som horisontale lag. Observasjonar av moderne marine og ikkjemarine sediment i svært mange avsetjingsmiljø støttar denne generaliseringa (sjølv om kryssjikt ikkje er horisontale, er den samla orienteringa av kryssjikta horisontal).

Prinsippet om overdekking seier at eit sedimentært lag i ei tektonisk urørt lagpakke er yngre enn det under det og eldre enn det over det. Logisk nok kan ikkje et yngre lag legge seg under eit lag som blei avsett tidlegare. Dette prinsippet gjer at ein kan sjå på sedimentære lag som ein type vertikal tidslinje, ein delvis eller komplett oversikt over tida som har passert frå avsettinga av det lågaste laget til avsettinga av det øvste.

Prinsippet om faunaens rekkefølgje er basert på at fossil finst i sedimentære bergartar. Da organismar eksisterer på same tid over heile Jorda vil det at dei opptrer (eller ikkje) kunne bli bruka til å gi ein relativ dato på laga dei opptrer i. Basert på prinsipp sett fram av William Smith nesten hundre år før evolusjonsteorien til Charles Darwin blei publisert, blei prinsippet om rekkefølgje utvikla uavhengig av evolusjonstankegangen. Men prinsippet er ganske komplekst på grunn av usikkerheitene om fossilisering, lokaliseringa av fossiltypar på grunn av forandringar i lokalmiljøet (faciesendringar i sedimentære lag) og at ikkje alle fossil kan ha eksistert over heile Jorda på same tid.

Avdelingar av geologi og liknande fagfelt endre

Regional geologi endre

Planetgeologi endre

Sjå au endre

Bakgrunnsstoff endre