Mont Maudit («Det forbanna fjellet»)[1] er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Frankrike og Italia på 4 465 m. Mot slutten av 1700-talet vart Mont Blanc og fjelltoppane rundt på fransk kalla Montagne Maudite.

Mont Maudit
fjell
Mont maudit.jpg
Mont Maudit sett frå nord
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Italy.svg Italia
Fjelltype Granitt
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 4 465 moh.
Lettast tilkomst Frå nordaust til nordvestryggen (PD)
Førstestiging Seymour King og William Edward Davidson med førarane Johann Jaun og Johann von Bergen den 12. september 1878
Koordinatar 45°50′52″N 6°52′33″EKoordinatar: 45°50′52″N 6°52′33″E

Mont Maudit
45°50′52″ N 6°52′33″ E
Wikimedia Commons: Mont Maudit

Den første stiginga av Mont Maudit vart utført av eit britisk lag med Seymour King og advokaten/diplomaten William Edward Davidson med førarane Johann Jaun og Johann von Bergen den 12. september 1878.

Sørsida av fjellet er mykje brattare enn den slake og snøkledde sida på nordsida. Denne ruta vart først klatra av Moritz von Kuffner med førarane Alexander Burgener og Josef Furrer 2–4. juli 1887.

12. juli 2012 omkom ni klatrar i eit skred under Mont Maudit og to dagar seinare fraus to klatrar i hel i det same området.[1][2]

KjelderEndra

  • Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra