Montagne Pelée eller berre Pelée er ein 1394 meter høg aktiv stratovulkan på nordsida av øya Martinique i Karibia.[1] Han hadde eit kraftig utbrot i 1902 og eit mindre i 1929.[2] Namnet «Pelée» tyder 'skalla'.[3]

Pelée
vulkan
Land  Frankrike
Region Martinique
Kart
Pelée
14°48′47″N 61°09′56″W / 14.813055555556°N 61.165555555556°W / 14.813055555556; -61.165555555556
Wikimedia Commons: Mount Pelée

Utbrotet i 1902 endre

 
Saint-Pierre etter øydelegginga i mai 1902

8. mai 1902 eksploderte vulkanen. I løpet av eit par minutt ramma pyroklastiske straumar byen Saint-Pierre. Byen blei heilt øydelagd. Nær 30 000 menneske omkom.[4] I Saint-Pierre overlevde berre to personar. Dette er den verste katastrofen i samband med vulkanutbrot i historia til Karibia.[5]

Kjelder endre

  1. «General Information». Smithsonian Institution. Henta 7. februar 2016. 
  2. «Eruptive History». Smithsonian Institution. Henta 7. februar 2016. 
  3. «Mount Pelée | volcano, Martinique», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 7. juni 2021 
  4. «Mount Pelee | volcano, Martinique». Henta 7. februar 2016. 
  5. Barker, David: «Geographies of Opportunity, Geographies of Constraint», i Stephan Palmié og Francisco A. Scarano (red.): The Caribbean. A History of the Region and Its Peoples, Chicago: University of Chicago Press, 2011, s. 28.