Martinique
Martinique er ei øy i Antillane i det karibiske havet og eit fransk oversjøisk département. Øya ligg om lag 450 nordaust frå den søramerikanske kysten og 700 km søraust frå Den dominikanske republikken.
Martinique sitt flagg | |
Status | Fransk oversjøisk département |
---|---|
President i regionsrådet | Alfred Marie-Jeanne |
Hovudstad | Fort-de-France |
Offisielt språk | Fransk |
Areal - % vatn |
1128 km² ubetydelig |
Folketal - totalt |
ca. 432 900 (2005) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .mq |
Tidssone | UTC -4 |
Internasjonal telefonkode | +596 |
Nasjonalsong |
HistorieEndra
Karibane var urfolk som budde på øya fram til 1660, då dei blei utviste av franske styrkar som hadde okkupert øya i 1660. Etter dette har Martinique vore ei franskstyrt øy folkesett av franskmenn og kreolar, bortsett frå tre korte periodar med framand okkupasjon. Martinique var ein fransk koloni fram til 1946, då ho fekk status som oversjøisk département («fylke»).
Franskmennene grunnla mange plantasjar på øya, der dei med hjelp av slavearbeid dyrka mellom anna sukkerrøyr, kaffi og kakao og produserte rom. Slaveriet blei avskaffa i 1848. Avgjerda, som kom frå Paris, skulle gjelda frå 27. april det året, men då slavane fekk høyra om det gjorde dei opprør slik at frigjeringa kom allereie 23. april.
Den 8. mai 1902 hadde vulkanen Pelée eit stort utbrot som øydela byen St. Pierre. Over 30.000 blei drepne, den einaste innbyggjaren som overlevde var den fengsla Ludger Sylbaris, som blei verna av dei tjukke veggene i cella si.
Kultur og kjende folk tilknytte MartiniqueEndra
Martinique er kjend som den intellektuelle øya blant Antillane. Ei rekke viktige forfattarar har kome derfrå, og mange kunstnarar har funne inspirasjon på øya. Martinique er òg opphavsstaden til musikkstilen zouk, som utvikla seg på 1980-talet.
Øya har mellom anna fostra forfattarane Aimé Césaire, René Maran, Édouard Glissant, Raphaël Confiant og Patrick Chamoiseau. Målaren Paul Gauguin og forfattarane Jean-Baptiste Labat (Père Labat), Lafcadio Hearn, André Breton, Saint-John Perse har vitja henne.
Joséphine de Beauharnais som seinare gifta seg med Napoleon Bonaparte og blei keisarinne av Frankrike blei fødd på øya i 1763. Foreldra hennar var plantasjeeigarar.