Sjå og regionen Mopti

Mopti er hovudstaden og den største byen i regionen Mopti i Mali. Han ligg ved møtepunktet til elvane Niger og Bani, mellom byane Ségou og Timbuktu, om lag 650 km nordaust for hovudstaden Bamako. Mopti, som ligg på tre øyar – Nybyen, Gamlebyen og Medina Coura – og ofte blir kalla «Malis Venezia», er den største hamnebyen i Mali. Elvane og hamna er fulle av store og små båtar av den typen som på fransk blir kalla pinasse – lange, smale trebåtar med og utan motor.

Mopti
by
Port de Mopti.png
Land Flag of Mali.svg Mali

Mopti
14°30′ N 4°12′ W
Wikimedia Commons: Mopti
Kartet viser kvar i Mali Mopti ligg, mellom anna i høve til elva Niger, Ségou og Timbuktu (Tombouctou).

Namnet MoptiEndra

Namnet Mopti kjem frå fulfulde, der det har forma Motti, som heng i hop med verbet mooɓtude (også uttala mellom anna mooptude, moptude, moottude og mottude), som tyder 'samle'. Det er staden der elvane Niger (fulfulde Maayo Ɓaleewo 'den svarte elva') og Bani (fulfulde Maayo Raneewo 'den kvite elva') møtest eller samlast. Byen heiter med andre ord nærmast «Åmot».

FolkesetnadEndra

Det bur om lag 115 000 menneske i Mopti.[treng kjelde] Dei høyrer til fleire ulike etniske grupper, i fyrste rekkje fulaniar, bozoar, songhaiar, dogonar, soninkear og tuaregar, som lever fredeleg i saman, som vist i filmen L'Esprit de Mopti (1999) av Pascal Letellier og Moussa Ouane.

GalleriEndra

FotnotarEndra