Moresby i Cumbria

Moresby er ein busetnad og eit civil parish i Borough of Copeland i Cumbria i England. Ved folketeljinga i 2001 hadde han eit folketal på 1 280,[1] noko som hadde auka til 1 997 ved folketeljinga i 2011.[2] Moresby ligg ved vestkysten av Cumbria. Moresby Hall er ein verna bygning, ein av tre Grade I-lista bygningar i Copeland. Namnet på bygningen og landsbyen har truleg kome frå ein familie som slo seg ned i området.

Moresby
busetnad
Land  Storbritannia
Kart
Moresby i Cumbria
54°33′47″N 3°33′09″W / 54.56316°N 3.55262°W / 54.56316; -3.55262
Wikimedia Commons: Moresby, Cumbria
St Bridget's Church

Det var ein romersk festning ved Moresby, som ein går ut frå heitte Gabrosentum. Ein kan sjå omkinsen av han på flybilde og på bakken. St Bridget's Church ligg i det nordaustlege hjørnet av festningstaden. Kyrkja og Moresby Hall ligg på vestsida av A595-vegen, men dei fleste bur i Low Moresby på austsida.

Namn endre

Namnet er sett saman av Maurice og , der det fyrste var eit utbreidd helgennamn på kontinentet[3] og er eit gammalengelsk ord frå norrønt býr, som tyder 'busetnad'.

Kjelder endre

  1. UK Census (2001). «Local Area Report – Moresby Parish (16UE017)». Nomis. Office for National Statistics. Henta 24. april 2021. 
  2. UK Census (2011). «Local Area Report – Moresby Parish (E04010482)». Nomis. Office for National Statistics. Henta 24 April 2021. 
  3. Armstrong, A. M.; Mawer, A.; Stenton, F. M.; Dickens, B. (1950). The place-names of Cumberland. English Place-Name Society, vol.xxi. Part 2. Cambridge: Cambridge University Press. s. 421. 

Bakgrunnsstoff endre