Morkafjorden
63°58′15.564″N 10°5′10.090″E / 63.97099000°N 10.08613611°E Morkafjorden er ein fjordarm av Skråfjorden i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordaustover til Morkestrand i botn av fjorden.
Fjorden startar ved Tørrhoggøyan i sør og ligg på nordsida av Markanes. Grendene Morka, som han er kalla opp etter, og Kvenndalen, ligg på nordvestsida. Midt i fjorden ligg Kvenndalsholmen, som dannar to smale sund på kvar side inn til den indre delen av fjorden. Fjorden grensar til Eidsfjorden i søraust, som han går parallelt til.
Riksveg 273 går langs nordvestsida av fjorden.