Morona-Santiago-provinsen

Morona Santiago (spansk uttale [moˈɾona sanˈtjaɣo]) er ein provins som ligg sør i Oriente, den austre delen av Ecuador som òg er ein del av Amazonasbassenget i Sør-Amerika. Han har over 190 000 innbyggjarar fordelte på eit areal på omtrent 24 000 km². Hovudstaden er Macas. Provinsen er oppkalla etter elvane Río Morona og Río Santiago, som er sideelvar til Amazonaselva, eller etter to kantonar som ber namnet til elvane.

Morona Santiago
provins
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Marcas
Areal 25 690 km²
Folketal 192 508 (2022)[1]
Språk spansk
Kart
Morona-Santiago-provinsen
2°27′00″S 77°59′00″W / 2.45°S 77.983333333333°W / -2.45; -77.983333333333
Kart som viser Morona-Santiago-provinsen.
Kart som viser Morona-Santiago-provinsen.
Kart som viser Morona-Santiago-provinsen.
Wikimedia Commons: Morona-Santiago Province

Plassering

endre

Provinsen Morona Santiago ligg søraust i Ecuador og strekkjer seg frå dei austlege skråningane av Andesfjella til låglandet i Amazonas. Han grensar i nord til Tungurahuaprovinsen, i nordaust og aust til Pastaza, i søraust og sør til grensa mot Loreto-regionen i Peru som er fastsett i Rio de Janeiro-protokollen og seinare avtalar, i sørvest til Zamora-Chinchipe og i vest til andesprovinsane Azuay, Cañar og Chimborazo.

Geografi

endre

Den vestlege delen av Morona Santiago-provinsen ligg mellom dei austlege skråningane av Andesfjella og ulike subandinske fjellkjeder, inkludert Cordillera del Cóndor i sør, som har vore åstad for grensekrigar og kamphandlingar mellom Ecuador og Peru tre gonger (1941, 1981 og 1995). Dei siste grensesteinane vart sette her først i 1999.

Det høgaste fjellet i provinsen er den aktive vulkanen Sangay på 5230 moh. Han ligg i Sangay nasjonalpark, som provinsen deler med provinsane Tungurahua og Chimborazo, og som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg til naturvenleik finst det her også leivningar av pyramidar bygde i andre halvdel av det fjerde tusenåret f.Kr.

Det meste av provinsen består likevel av ei skogkledd slette gjennomskåret av mange elvar som har utspringet sitt i fjella og renn ut i Amazonas og sideelvar. I tillegg til dei namngjevande elvane Río Morona og Río Santiago, renn mellom anna Río Palora og Río Bobonaza gjennom provinsen. Elvane Río Upano, Río Paute og Río Zamora er kjelder til Río Santiago, medan Río Pastaza utgjer grensa til provinsen Pastaza i nordaust. Klimaet i regionen er varmt og fuktig.

I tillegg til hovudstaden Macas, er andre vektige byar i provinsen Sucúa, eit senter for urfolksgruppene shuar og achuar, og gualaquiza.

Provinsen er delt inn i 12 kantonar, den mest folkerike kantonen er Morona sentralt i provinsen med rundt 55 000 innbyggjarar.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Morona-Santiago-provinsen