Morozovsk
Morozovsk (russisk Моро́зовск) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 28 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bystraja, ei sideelv til Donets, rundt 200 km nordaust for Rostov-na-Donu.
Morozovsk Морозовск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Rostov oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1910 1941 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
28 454 | |
Koordinatar | 48°21′00″N 41°50′00″E / 48.35000°N 41.83333°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 86384 |
Landsbyen Morozov (russisk: Моро́зов) vart grunnlagd på 1880-talet. I 1900 vart jernbanestasjonen Morozovskaja (russisk: Моро́зовская), kalla opp etter landsbyen, opna like ved. I 1910 vart stanitsaen (kosakklandsbyen) Taubejevskaja (russisk: Таубе́евская) grunnlagd nær jernbanestasjonen, rekna som grunnleggingsåret for byen. Namnet vart endra til Morozovskaja i 1917. Seinare voks landsbyane og vart slått saman og den samanslåtte busetnaden fekk bystatus i 1941.
Geografi
endreKlima
endreVêrdata for Morozovsk | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | −2,5 | −1,9 | 5,1 | 15,6 | 22,4 | 27,3 | 30 | 29,2 | 22,4 | 14,1 | 5 | −0,4 | 13,9 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −5,6 | −5,5 | 0,7 | 9,5 | 15,7 | 20,3 | 22,9 | 21,8 | 15,7 | 8,6 | 1,4 | −3,4 | 8,5 |
Gjennomsnittleg min °C | −8,7 | −9,2 | −3,7 | 3,3 | 8,9 | 13,2 | 15,8 | 14,3 | 9 | 3,1 | −2,2 | −6,4 | 3,1 |
Kjelde: Морозовск погода и климат |
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Morozovsk» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.