Morsdalsfjorden
67°4′5.1672″N 14°6′0.95760″E / 67.068102000°N 14.1002660000°E Morsdalsfjorden er ein fjord i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørvestsida av Sandhornøya og strekkjer seg 13 km søraustover til Breidvika søraust for Sandhornøya.
Fjorden har innløp mellom Mosken i nord og Sundsodden i sør. Sund. Det ligg enkelte gardsbruk på begge sider av fjorden, men berre delar av vestsida har vegsamband. Ved Kvarsnes heilt sør på Sandhornøya går Sundsfjorden sørover til grenda med same namn. Nordaust for Kvarsnes går Holmsundfjorden nordover langs søraustsida av Sandhornøya.
Fylkesveg 17 går langs dei inste delane av fjorden på fastlandet.