Sandhornøya er den største øya i Gildeskål kommune i Nordland fylke. Øya er 103,3 km² og er dominert av fjellet Sandhornet som når 994 moh. Ved Mårnes ligg eit større kvartsittbrot. Det er brusamband til Kjøpstad på fastlandet og ferjesamband til Sørarnøy og Sund. Postnummeret til øya er 8130 SANDHORNØY.

Sandhornøya
Sandhornet (994 moh.) Foto: Lars Røed Hansen
Sandhornet (994 moh.)

Foto: Lars Røed Hansen

Geografi
Stad Salten
Koordinatar 67°5′41″N 14°8′48″E / 67.09472°N 14.14667°E / 67.09472; 14.14667

Areal 103,3 km²

Høgaste punkt Sandhornet (994 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Ved Våg ligg Blixgarden, der salmediktaren Elias Blix voks opp. Her er det også butikk, og Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kan få anløp av Våg.

Sandhornøya sett frå vest

Bakgrunnsstoff

endre