Morsenøkkel (eller telegrafinøkkel) er eit instrument som vert brukt for å senda telegrafiske meldingar. Eigentleg er morsenøkkelen ein straumbrytar som gjer det mogleg å kopla straumen på og av fleire gonger i sekundet på ein presis måte, slik at morsesignala kan sendast snøgt og korrekt.

Morsenøkkel av handpumpe-typen.
Heimelaga morsenøkkel av paddle-type.

Telegrafinøkkeltypar endre

Det finst to hovudtypar morsenøklar, «handpumpa» og «paddle»-typen. Handpumpa nøklar vertikalt, medan paddle-typen som i dag er den mest populære mellom radioamatørar nøklar horisontalt. Med paddle kan ein senda morsekoden mykje raskare og på ein mindre slitsam måte.

Snøggleik endre

Kravet til amatørradiolisens var tidlegare ein telegrafisnøggleik på 5 ord i minuttet, medan til skipsradiotelegrafistsertifikat av 2. klasse var det 15 ord i koda tekst eller 20 ord i klartekst. For same sertifikat av 1. klasse må 25 ord sendast feilfritt i klartekst. Ein slik snøggleik i sending er mykje raskare enn den raskaste sendinga av SMS med tastaturet på ein mobiltelefon.

Yrkesskadar endre

Telegrafistar kan få yrkesskaden RSI-syndrom på grunn av muskelsmerter. RSI-syndromet kunne skuldast feilaktig bruk av handpumpa, skrivemaskina eller feil sittestilling. For å unngå smerter er det viktig å nøkle med eit laust og ledig handledd.

Kjelder endre