Morten Edvard Robertsen-Strømme
norsk lærar, organist og forfattar
Morten Edvard Robertsen-Strømme (19. januar 1857–11. juli 1930) var ein norsk lærar, organist og forfattar.
Morten Edvard Robertsen-Strømme | |
Fødd | 19. januar 1857 |
Død |
11. juli 1930 (73 år) |
Robertsen-Strømme var fødd i Bø i Vesterålen. Han var son til Robert Mortensen (1831-1912) og Mette Kristina Robertsen (1831-1918). Han gifta seg i 1880 med Andrea Vilhelmine Martinussen (1858-1926) frå Straumsjøen.
Robertsen-Strømme gjekk ut av Tromsø Seminarium i 1878. Han var lærar i Gimsøy frå 1879 til 1891. Deretter var han lærar i Øksnes, før han i 1894 blei tilsett som lærar i Bø i Vesterålen, og i 1909 blei han også organist ved Bø kyrkje.[1] Han søkte avskil som lærar i 1924, men heldt fram som organist.
Utgjevingar
endreKjelder
endre- ↑ Anna Lindhjem: Norges orgler og organister til og med 1914, side 76. Skien 1916 [1]
- ↑ Kari Pålsrud: Nordnorsk skjønnlitteratur : en bibliografi" Nordnorsk Magasin/Nordnorsk forfatterlag. 1979 [2]
- ↑ Arne Gallis: Nynorsk boklista : skrifter i bokform paa norsk : bygdemaal og landsmaal. 4 : 1926-1935 (med tillegg) – Det Norske Samlaget, Oslo 1942, side 199 [3]
- Rolv Straume: Bø bygdebok. Bind 2. Bø kommune 1963, side 413-414.
- «Morten Edvard Robertsen-Strømme», side 289-290 i: Christian Wiik: Tromsø-seminarister : biografiske oplysninger om seminarister som er dimittert fra (Trondenes og) Tromsø seminar : 1829-1879. Land og Kirke: Oslo 1948.