Morten Solem (fødd 5. august 1980 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vart noregsmeister i normal bakke i 2001, elles vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sesongane frå 2000 til 2002. Han var medlem av Trondhjems Skiklubb.

Morten Solem


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1980 (43 år)
Trondheim
Idrett skihopping

Karriere

endre

Solem slo gjennom i 2000, då han fekk bronse under NM i normal bakke. Sesongen etter debuterte han i verdscupen under opningsrennet i Kuopio i november månad. I verdscupen hamna han den sesongen eit stykke nede på resultatlistene, til liks med dei andre hopparane på det norske landslaget. Men han vann både gull og sølv i dei to NM-renna. Solems beste plassering i verdscupen kom i januar 2004, då han vart nummer sju i Liberec.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 2001: Nr 12 i Trondheim
  • 2002: Nr 21 i Sapporo
  • 2004: Nr 7 i Liberec
  • 2005: Nr 8 i to renn i Sapporo
  • 2006: Nr 12 i Sapporo
  • 2007: Nr 8 i Zakopane

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Han la opp som aktiv skihoppar i 2007. Deretter var han assistenttrenar for det norske kombinertlandslaget fram til våren 2010.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre