Morten Vinje

norsk fotballspelar

Morten Vinje (fødd 5. juli 1956) er ein tidlegare fotballspelar frå Langesund som vart noregsmeister med Moss Fotballklubb i 1983 og som spelte 15 landskampar i 1979-80.

Morten Vinje
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1956 (67 år)
Idrett fotball

Vinje spelte i yngre år på Larvik Turn. Etter at oslolaget Skeid rykte opp frå 2. divisjon i 1977-sesongen, og Larvik Turn samstundes rykte ned frå same divisjon og avdeling, melde han seg inn i Skeid, der han på midtstopparplass spelte 132 kampar. Då Skeid måtte tole nedrykk i 1980, reiste Vinje vidare til Moss FK. Med Moss spelte han NM-finale både i 1981 og 1983, i fyrste forsøk vart det tap mot Lillestrøm SK, to år seinare vart det siger mot Vålerenga.

I 1979-sesongen deltok Vinje i 11 landskampar for Noreg. Den ellevte siste kampen for året enda med siger over Vest-Tyskland sitt amatørlag i Baunatal, ein triumf som gjorde at Noreg var kvalifisert til Sommar-OL 1980. Etter som Norges Idrettsforbund valde å boikotte Moskva-leikane, måtte dei norske landslagsspelarane halde seg heime. Vinje fekk i staden fire kampar i den norske landslagsdrakta i 1980, i hans siste landskamp var han med å vinne 2-1 over Sveits i ein VM-kvalifiseringskamp på bortebane. Han kom aldri på skåringslista på landslaget, og sjeldan i klubbkampar.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1983 med Moss FK
  • Tapande cupfinalist: 1981 md Moss FK

Kjelder endre