Opna hovudmenyen

Langesund er eit tettbygd strøk i Bamble kommune i Telemark fylke. Langesund ligg heilt ytst ved grensa til ytre Oslofjord og Skagerrak ved innseglinga til Frierfjorden. Byen ligg ved Langesundet, innom Langøya.

Langesund
stad
Norwegen 06 - Langesund.jpg
Frå Langesund.
Foto: Marius Kallhardt
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Bamble
Postnummer 3970 LANGESUND
Preposisjon i Langesund
Wikimedia Commons: Langesund

Byen ligg på ei halvøy og har kring 5500 innbyggjarar [treng kjelde]. Langesund er ein sommarby, som yrer av folkeliv frå mai til august. Langesund er den kystbyen i Noreg med flest soldagar i året [treng kjelde].

Kulturlivet blomstrar i Langesund kvar sommar; konsertar og festivalar pregar bybiletet. Det blir mellom anna arrangert fiskefestival og shantyfestival. Bob Dylan og a-ha spelte der i 2001. Også andre store artistar som Little Richard, B.B. King, Turboneger, Elton John og har spelt i Langesund.

Langesund vart ladestad på 1500-talet og har lange maritime tradisjonar og var tidleg ein av Noregs viktigaste byar innan skipsfart. Det finst også ei avansert teknologibedrift, Skarpenord AS i byen.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling i Langesund
År Innbyggjarar
1769
  
520
1801
  
522
1815
  
497
1825
  
528
1835
  
528
1845
  
627
1855
  
753
1865
  
916
1875
  
1 060
1890
  
1 232
1900
  
1 407
1910
  
1 585
1920
  
1 885
1930
  
1 909
1946
  
2 056
1950
  
2 148
1960
  
2 191
1970
  
2 462
1980
  
3 605
1990
  
3 894
2000
  
3 822
2010
  
3 679
Kjelder:

Tala f.o.m. 2000 viser til Langesunds del av Porsgrunn/Skien tettstad, berekna på grunnkrinsinndelinga

AttraksjonarEndra

FestivalarEndra

Kjende personar frå LangesundEndra