Mossesundet
Mossesundet er eit sund i Ytre Oslofjord som ligg mellom Jeløya og fastlandet i Østfold. Sundet strekkjer seg frå kanalen som går gjennom Moss i sør og om lag 10 km nordover. På andre sida av kanalen i sør ligg Værlebukta og i nord grensar sundet til sjølve Oslofjorden ved Son.