Motława

Motława er ei elv i Austpommern i Polen. Ho har utspringet sitt frå innsjøen Szpegawskie, nordaust for Starogard Gdański. Ho renn gjennom innsjøen Rokickie, og munnar ut i elva Leniwka. Lengda hennar er 64,7 km og nedslagsfeltet er 1511,3 km².

Śluza Kamienna - Gdańsk Dolne Miasto
Gdańsk Główne Miasto

Byen Gdańsk ligg ved munningen til Leniwka.

Det polske namnet Motława kjem frå det gammalprøyssiske språket. På tysk vert elva kalla Mottlau.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.