Mount Heine
Mount Heine er ein ås, 760 moh, nord på White Island i Ross Archipelago i Antarktis. Det vart namngjeve av geolog-gruppa frå New Zealand (1958–59) etter A.J. Heine, leiaren for gruppa som vitja White Island. Heine, som gjekk opp på toppen av åsen, var fire somrar og ein vinter i Antarktis, stort sett i McMurdo Sound-området.[1]
Mount Heine | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | White Island i Ross Archipelago | ||
- koordinatar | 78°5′S 167°27′E / 78.083°S 167.450°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Heine 78°05′00″S 167°27′00″E / 78.0833°S 167.45°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Heine, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. mars 2013.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Heine, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).