Mount Holm-Hansen
Mount Holm-Hansen er eit markant fjell med ei høgd opp mot 1920 moh mellom den nedre David Valley og Bartleybreen i Asgard Range i Victoria Land i Antarktis. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1997 etter Osmund Holm-Hansen, ein plantefysiolog, som i 1959–60 var ein av dei første amerikanske forskarane som vitja og utførte forsking i både Taylor Valley og Wright Valley. Holm-Hansen var ein forskingsbiolog ved Scripps Institution of Oceanography frå 1962, og det omfattande feltarbeidet hans frå 1976 omfattar studiar av mikrobielle populasjonar i McMurdo Sound, Rosshavet og andre havområde sør for Den antarktiske konvergensen.[1]
Mount Holm-Hansen | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 1 920 moh. | ||
- koordinatar | 77°36′S 162°11′E / 77.600°S 162.183°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Holm-Hansen 77°36′00″S 162°10′59″E / 77.6°S 162.183°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Holm-Hansen, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Holm-Hansen, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).