Mount Prior
Mount Prior er eit fjell i Antarktis på 1220 moh. som ligg kring 10 nautiske mil (18 km) vest for Mount Brewster, ved toppen av Whitehallbreen vest på Daniell Peninsula i Victoria Land. Det vart namngjeve av geologigruppa frå New Zealand (NZGSAE), 1957–58, etter George T. Prior, frå mineralavdelinga ved British Museum, som studerte og analyserte stein som var henta frå denne regionen under Discovery-ekspedisjonen, 1901-04.
Mount Prior | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 1 220 moh. | ||
- koordinatar | 72°58′S 168°47′E / 72.967°S 168.783°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Prior 72°58′00″S 168°47′00″E / 72.96666667°S 168.78333333°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Prior» (innhald frå Geographic Names Information System).