Mount Rhamnus
Mount Rhamnus er eit fjell, 865 moh, som ligg 2 nautiske mil (3,7 km) nordaust for Mount Nemesis på nordsida av Nenyfjorden i Graham Land. Sett frå vest ser det ut som ein hovudsakleg snødekt pyramide. Det vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Det vart kartlagd på ny i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) som namngav fjellet etter nærleiken til Mount Nemesis. I følgje mytologien skal den greske guddommen Nemesis ha hatt ein heilagdom ved Rhamnus i Attika.
Mount Rhamnus | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 865 moh. | ||
- koordinatar | 68°11′S 66°50′W / 68.183°S 66.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Rhamnus 68°11′00″S 66°50′00″W / 68.1833°S 66.8333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Rhamnus» (innhald frå Geographic Names Information System).