Mount St. Helens

(Omdirigert frå Mount Saint Helens)

Mount St. Helens er ein aktiv stratovulkan i delstaten Washington, nordvest i USA. Fjellet er ein eit i fjellkjeda Kaskadefjella. Fjellet var tidlegare kjent som Louwala-Clough, som tyder «rykande/brennande fjell», men fekk sitt noverande namn seint på 1700-talet etter ein britisk diplomat St. Helens som dreiv med undersøkingar av området.

Mount St. Helens
vulkan
1000 meter høg dampskyp den 19. mai 1982, to etter det store utbrotet
Land  USA
Delstat Washington
County Skamania County
Fjellkjede Cascade Range
Høgd 2 550 moh.
Primærfaktor 1 404 m
Koordinatar 46°11′28″N 122°11′40″W / 46.1912000°N 122.1944000°W / 46.1912000; -122.1944000
Geologi gneis
Periode < 40 000 år
Siste utbrot 2004 – 10. juli 2008
Vulkanaktivtet Aktiv stratovulkan
Lettast tilkomst Til fots via sørsida av vulkanen
Førstestiging Thomas J. Dryer
 •  dato 1853
Kart
Mount St. Helens
46°12′01″N 122°11′22″W / 46.200277777778°N 122.18944444444°W / 46.200277777778; -122.18944444444
Wikimedia Commons: Mount St. Helens
Mount St. Helens 17. mai 1980, dagen før vulkanen eksploderte og mykje av nordsida av fjellet forsvann

Fjelltoppen vart klivra fyrste gongen i 1853 av Thomas J. Dyer, ein fjellklatrar, pressemann og politikar; saman med tre andre.

Utbrot

endre

Vulkanen er særleg kjend for det katastrofale utbrotet 18. mai 1980, det mest dødelege og økonomisk øydeleggjande vulkanutbrotet i USA si historie. 57 menneske omkom, i tillegg til at 200 heimar, 47 bruer, 24 km toglinjer og 300 km veg vart øydelagde. Utbrotet sprengde toppen av fjellet, noko som førte til at høgda på fjelltoppen minka frå 2 950 til 2 550 meter. Der toppen hadde vore, var det i staden kome eit krater med ein diameter på 1,5 km.

Siste utbrotet på Mont St. Helens fann stad i tida 2004-08.

Kjelder

endre