Mount St. Helens
Mount St. Helens er ein aktiv stratovulkan i delstaten Washington, nordvest i USA. Fjellet er ein eit i fjellkjeda Kaskadefjella. Fjellet var tidlegare kjent som Louwala-Clough, som tyder «rykande/brennande fjell», men fekk sitt noverande namn seint på 1700-talet etter ein britisk diplomat St. Helens som dreiv med undersøkingar av området.
Mount St. Helens | |||
vulkan | |||
1000 meter høg dampskyp den 19. mai 1982, to etter det store utbrotet
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Delstat | Washington | ||
County | Skamania County | ||
Fjellkjede | Cascade Range | ||
Høgd | 2 550 moh. | ||
Primærfaktor | 1 404 m | ||
Koordinatar | 46°11′28″N 122°11′40″W / 46.1912000°N 122.1944000°W | ||
Geologi | gneis | ||
Periode | < 40 000 år | ||
Siste utbrot | 2004 – 10. juli 2008 | ||
Vulkanaktivtet | Aktiv stratovulkan | ||
Lettast tilkomst | Til fots via sørsida av vulkanen | ||
Førstestiging | Thomas J. Dryer | ||
- dato | 1853 | ||
Mount St. Helens 46°12′01″N 122°11′22″W / 46.200277777778°N 122.18944444444°W | |||
Wikimedia Commons: Mount St. Helens |
Fjelltoppen vart klivra fyrste gongen i 1853 av Thomas J. Dyer, ein fjellklatrar, pressemann og politikar; saman med tre andre.
Utbrot
endreVulkanen er særleg kjend for det katastrofale utbrotet 18. mai 1980, det mest dødelege og økonomisk øydeleggjande vulkanutbrotet i USA si historie. 57 menneske omkom, i tillegg til at 200 heimar, 47 bruer, 24 km toglinjer og 300 km veg vart øydelagde. Utbrotet sprengde toppen av fjellet, noko som førte til at høgda på fjelltoppen minka frå 2 950 til 2 550 meter. Der toppen hadde vore, var det i staden kome eit krater med ein diameter på 1,5 km.
Siste utbrotet på Mont St. Helens fann stad i tida 2004-08.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount St. Helens» frå Wikipedia på bokmål og «Mount St. Helens» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2012.