Mount Virginia
Mount Virginia er eit bert fjell heilt nord på ryggen i Pioneer Heights i Heritage Range. Fjellet markerer staden der Splettstoesser- og Schmidtbreen flyt saman. Det vart kartlagd av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto teken av U.S. Navy i 1961-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Virginia S. Taylor, ein geograf og assistent i US-ACAN frå 1961-65.
Mount Virginia | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Heritage Range | ||
Topp | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 79°15′S 84°2′W / 79.250°S 84.033°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Virginia 79°15′00″S 84°02′00″W / 79.25°S 84.033333333333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Virginia» (innhald frå Geographic Names Information System).