M.p.p.

(Omdirigert frå Mpp)

m.p.p. er ei avkorting for med påhalden penn. Omgrepet var vanleg den gongen mange ikkje kunne skrive. For likevel å kunna underteikne brev og andre dokument, heldt personen handa si på pennen medan namnet hans vart skrive, med (m.p.p.) bak namnet. Underteikninga vart då rekna som gjeldande.

Signaturar med (m.p.p.) bak treng ikkje å vere prov for at personane som har signert ikkje kunne skrive namnet sitt. Pennen kunne verte send rundt til alle som skulle signere, slik at dei hadde halde i han. Så skreiv den som var mest skrivedyktig signaturane.

Det er ikkje eit vilkår for gyldigheita av ei slik underskrift at personen har halde i pennen. Det er tilstrekkeleg at han eller ho samtykker i at ein annan skriv under på hans eller hennar vegne.

Underskrift gjort med påhalden penn er også no ein gyldig måte å skrive under på eit dokument. Dette førekjem frå tid til anna, særleg når den som skal skrive under av helsegrunnar ikkje er i stand til å halde ein penn, men har full forståing av kva han eller ho skriv under på.

Kjelder endre