Mrajeeb Al Fhood flyktningleir

Mrajeeb Al Fhood flyktningleir (òg skrive Murijep al Fhoud og Marjeeb Al Fahood) er ein flyktningleir for flyktningar frå den syriske borgarkrigen. Han ligg i Mrajeeb Al Fhood, ei tørr slette kring 20 kilometer aust for Zarqa i Jordan. Han vart opna i april 2013 og finansiert av Dei sameinte arabiske emirata.[1]

Mrajeeb Al Fhood flyktningleir
flyktningleir
Land  Jordan
Guvernement Zarqa guvernement
Folketal 3 697  (des. 2013)
Kart
Mrajeeb Al Fhood flyktningleir
32°01′53″N 36°26′58″E / 32.0313°N 36.4495°E / 32.0313; 36.4495

Leiren vart bygd for å ta i mot det store inntoget av syriske flyktningar, sidan kapasiteten til Zaatari flyktningleir ikkje var nok. Jordanske styresmakter frykta at talet på syriske flyktningar i Jordan skulle doble seg dei neste seks månadane.[2] I desember 2013 var det 3 697 flyktningar i leiren.[3]

Kjelder endre