Zarqa guvernement

Zarqa guvernement (arabisk محافظة الزرقاء Muħāfazat az-Zarqāʔ, lokale dialektar ez-Zergā eller ez-Zer'a) er det tredje største guvernementet i Jordan etter folketal. Det administrative senteret og den største byen i Zarqa guvernement er byen Zarqa. Han ligg 25 km aust for den jordanske hovudstaen Amman. Den nest størte byen i guvernement er Russeifa.

Zarqa guvernement
محافظة الزرقاء
guvernement
Jabbok.jpg
Zarqa guvernement
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Distrikt 4
Byar Russeifa
Hovudstad Zarqa
 - koordinatar 32°05′N 36°06′E
Areal 4 761 km²
Folketal 951 800 (2012)
Folketettleik 200 / km²
Guvernør Hamid Alsheyyab
Retningsnummer +(962)5
Urban 94.5%
Landsbygd 5.5%

Zarqa guvernement
31°49′60″ N 36°49′60″ E
Zarqa in Jordan.svg
Wikimedia Commons: Az Zarqa

I Zarqa guvernement ligg dei største militær- og flybasane i Jordan.

HistorieEndra

 
Byen Russeifa.
 
Qasr Amra, ein verdsarvstad.

Området som Zarqa guvernement dekkjer har vore busett sidan bronsealderen, mellom anna av ammonittane og nabatearane, som bygde fortet kalla Qasr al Hallabat, som òg vart nytta som fort av romarane, og så som ørkenpalass av omajadane. Dei viktigaste historiske stadane er ørkenpalassa til omajadane, som Qasr Amra på verdsarvlista, Qasr al Hallabat, Qasr Shabib i sentrum av Zarqa, i tillegg til Azraqborga.

Etter dei osmanske tyrkarane bygde Hedjaz-banen i byrjinga av 1900-åra, vart Zarqa eit strategisk trafikknutepunkt mellom Damaskus og Medina, og byane langs banen byrja å vekse. Den arabiske legionen frå Jordan, leia av Glubb Pasha, hadde hovudbasen sin i Zarqa.

GeografiEndra

Zarqa guvernement grensar til Mafraq guvernement i nord og nordaust, Amman guvernement i sør og sørvest, Jerash og Balqa guvernement i vest. Det grensar òg til Saudi-Arabia heilt søraust. Det meste av guvernementet består av Den syriske ørkenen og er tett folkesett. Dei to byane Zarqa og Russeifa er høvesvis den nest og fjerde største i Jordan.

DemografiEndra

Folketeljinga i 2004 syner at folketalet i Zarqa guvernement var 727 268. Jordansk statistikkdepartement estimerte at folketalet i 2010 var 910 800.[1]

Administrativ inndelingEndra

Zarqa guvernement er delt inn i tre departement:

Nahiyaer i Zarqa guvernement etter folketal (2004)[2]
Nahiya Arabisk namn Folketal (2004) Adm. senter
1 Al-Qasaba nahiya لواء قصبة الزرقاء 450 102 Zarqa
2 Russeifa nahiya لواء الرصيفة 268 237 Russeifa
3 Hashemiyya nahiya لواء الهاشمية 46 311 Hashemiyya

KjelderEndra

  1. Jordan National Census of 2004 Table 3-1 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-22, henta 4. oktober 2015 
  2. 2004 Census (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2011-07-22, henta 4. oktober 2015 

Balqa guvernement