Muckle Green Holm
Muckle Green Holm er ei folketom øy i Orknøyane i Skottland. Ho er om lag 32 hektar stor og på det høgaste 28 meter over havet. Toppen er eit trigonometrisk punkt.
Muckle Green Holm | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°08′N 2°50′W / 59.13°N 2.83°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 0,32 km²
|
Høgaste punkt | 28 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Namnet er ei blanding frå fleire opphav. 'Holm' kjem frå norrønt holmr,[1] medan 'Muckle' er skotsk for 'stor'. I sør ligg Little Green Holm og mellom dei to Sound of Green Holms. Aust for sundet er eit anna sund kalla Fall of Warness mellom Muckle Green Holm og den langt større øya Eday. I desse farvatna har European Marine Energy Centre sett opp eit testutstyr for tidvasskraft.[2]
Det finst ein koloni med storskarv på Muckle Green Holm og ein oterbestand.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muckle Green Holm» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Waugh, Doreen J., Orkney Place-names i Omand, Donald (ed.) (2003) The Orkney Book. Edinburgh, Birlinn. s. 119
- ↑ «EMEC». Henta 20. mars 2010.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.