Muljanka (russisk Мулянка) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre. Elva renn gjennom byen Perm og industrien nær byen og elva har kraftig råka økologien i elva.

Muljanka
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 460,7 km²
Lengd 52 km
Kjelde Permskij rajon i Perm kraj
Munning Kama
Kart
Muljanka
57°46′00″N 56°24′01″E / 57.7668°N 56.4002°E / 57.7668; 56.4002
Muljanka
Muljanka
Muljanka
Wikimedia Commons: Mulyanka River

Muljanka er 52 km lang og har eit nedslagsfelt på 460,7 km². Muljanka har 35 sideelvar og den største av dei er Pyzj frå venstre.[1]

Muljanka har utspring i Permskij rajon i Perm kraj. Ho renn hovudsakleg vestover i utkanten av Perm.

Landsbyen Verkhnije Mully er ein av dei eldste busetnadane ved Perm og ligg ved Muljanka. Det går tre bruer over Muljanka.

Muljanka er forureina av industriområda som ligg langs elva, mellom anna oljaraffineriet JSC LUKOIL-Permnefteorgsintez, som har vore i drift sidan 1958.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. М. С. Алексевнина, Е. В. Преснова Состояние бентофауны реки Мулянки (бассейн Камы) в условиях антропогенной нагрузки. / Экосистемы малых рек: биоразнообразие, экология, охрана. Тезисы докладов II Всероссийской конференции. Борок, 16—19 ноября 2004 г. (PDF) — Институт биологии внутренних вод им. И. Д. Папанина.
  2. Dmitriy V. Volkhin, Vladimir I. Yakunin. Environmental monitoring system of JSC LUKOIL-Permnefteorgsintez., arkivert frå originalen 2. juni 2007, henta 17. oktober 2008