Muna
- Sjå òg kvinnenamnet Mona
Muna (russisk Муна) er ei elv på sørvest Kolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 45 km lang.
Muna | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 45 km | ||
Kjelde | Munozero | ||
Munning | Kanozero | ||
Muna 67°04′24″N 34°40′29″E / 67.073333333333°N 34.674722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Muna River |
Ho spring ut frå Munozero (137 moh), rundt 30 km aust for Kanozero, og renn så vestover, gjennom eit buktande løp gjennom eit tynt folkesett åslandskap dominert av skog og myr. Ei større sideelv, Inga, renn inn i Muna frå nord. Muna munnar ut på austsida av Kanozero, rundt 8 km søraust for staden der hovudelva Umba renn ut i same innsjøen.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muna» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Topografisk kart 1:200 000, Den russiske føderasjon, Murmansk oblast, utgåve 1992, blad 22.