Munch-museet

kunstmuseum med Edvard Munch sin kunst
(Omdirigert frå Munchmuseet)

59°55′1″N 10°46′28″E / 59.91694°N 10.77444°E / 59.91694; 10.77444

Munch-museet

StadOslo
Skipa1963
Opna1963
MuseumstypeKunstmuseum
DirektørStein Olav Henrichsen
Nettstadwww.munch.museum.no/Default.aspx
Kart
Munch museet
59°54′21″N 10°45′19″E / 59.90575°N 10.755305555556°E / 59.90575; 10.755305555556

Munch-museet er eit kunstmuseum i Oslo som inneheld dei etterlatne verka til Edvard Munch som han testamenterte til Oslo kommune i 1940. Museet opna for publikum i 1963, hundre år etter at Munch vart fødd.

Byggverket er teikna av Gunnar Fougner og Einar Myklebust.

Grunnlaget for samlingane endre

Den testametariske gåva frå Edvard Munch til Oslo kommune femna om lag 1 100 måleri, 15 500 grafiske blad med 700 ulike motiv, 4 700 teikningar og seks skulpturar. I tillegg kom nesten 500 trykkplater, 2 240 bøker, notatbøker, dokument, fotografi, verktøy, rekvisita og møblar. Seinare fekk museet den omfattande brevsamlinga til Edvard Munch som testamentariske frå systera hans. Inger Munch, saman med ei stor mengd originalverk frå særleg 1880-åra. Ved at museet har bytta til seg andre verk mot dublettar frå eiga samling, har desse og andre gåver gjort at museet i dag har i si eige meir enn halvparten av av alle Munchs måleri, og eksemplar av grafiske trykk som representerer alle dei grafiske motiva hans. Dette gjev både eit særs godt grunnlag for å skipe til spesialutstillingar i museet, og gjer at òg Munch-museet står i ei særstilling internasjonalt og såleis kunne stå for ei stor utstillingsverksemd av Munchs verk over heile verda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre