Hugin og Munin

(Omdirigert frå Munin)

Hugin og Munin er i norrøn mytologi namn på dei to ramnane til guden Odin. Namnet «Hugin» tyder 'tanke' medan «Munin» tyder 'minne'. Det vert fortalt at kvar morgon når dagen gryr, flyg Hugin og Munin ut i verda. Dei merkjer seg kva som hender, og dei høyrer på kva som vert sagt. Ingen ting kan skjulast for Hugin og Munin. Heime hjå Odin sit ramnane på skuldrene hans. Når ramnane er ute, er Odsin særs uroleg for at dei ikkje skal koma attende, særleg Munin, som ber med seg minnet til Odin. Dette vert nemnd i Grimnesmål. Eitt av dei mange tilnamna, eller kenningane, til Odin er ramneguden.

Hugin og Munin på skuldrene til Odin. Avbildinga er frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet.


Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yver verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endå meir eg ottast for Munin.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hugin og Munin