Munkvoll

buss- og trikkestopp i Trondheim

Munkvoll er ein stad på Byåsen i Trondheim og haldeplass på trikkelina Gråkallbanen. Her var endelhaldeplassen for bana frå ho vart teke i bruk 18. juli 1924 og fram til 30. mai 1925, då bana vart lengd til Ugla. Haldeplassen har vendesløyfe og møtespor, kontor og trikkestall. Sporveismuseet ligg på området.

Trikk på Munkvoll haldeplass.