Museum Nord - Narvik
Museum Nord - Narvik, tidlegare Ofoten museum, er eit museum i Narvik i Nordland. Museet er ei avdeling av Museum Nord, og ligg i ei bygning frå 1902 som vart nytta som administrasjon for NSB. Museet sine utstillingar tar føre seg historien til Narvik, bygginga av Ofotbanen, utskipinga av malm og det daglege livet i byen.
Bygninga, som ligg i Administrasjonsveien 3, blei okkupert av tyske styrkar under andre verdskrigen. I 1995 blei ho gjord om til museum.