Museum Plantin-Moretus

Plantin-Moretus Museum er eit trykkerimuseum i Antwerpen i Belgia. Det ligg på staden for eit av dei viktigaste sentera for boktrykking i Europa på 1500-talet. Museet viser arbeidet til dei kjende boktrykkarane Christoffel Plantijn og Jan Moretus. Museet ligg i bustaden deira og i trykkeriet deira, Plantin Press, ikkje langt frå Vrijdagmarkt (Fredagsmarknaden) i Antwerpen.

Museumsbygningen

Christophe Plantin (ca. 1520-1589) utdanna seg til bokbindar i Antwerpen etter å ha flykta frå Paris. I Frankrike hadde minst ein boktrykkar vorte brunne etter å ha vorte skulda for kjetteri. I 1555 trykte han dei første bøkene sine, til å byrja med som distributør for andre forlag. Byen hadde allereie etablert seg som eit sentrum for tresnitt, graveringer og bøker. Plantin tilsette ein assistent, Jan Moretus (Moerentorf), som kunne lesa både latin og gresk, og skriva brev på fleire moderne språk. Han tok hand om verksemda og vart etter kvart Plantins svigerson, og fekk ta over trykkeriet. I 1562, då han vart mistenkt for kjetteri, flykta Plantin til Frankrike og vart verande der i to år. Då trykkepressen hans vart bortauksjonert, kjøpte vener opp inventaret for hans pengar.

Etter 1564 starta Plantin opp verksemda på nytt under namnet De Gulden Passer. Passaren var trykkarane sin signatur i huset Plantin og fanst ofte som ein vignett på tittelbladet. Vignetten bestod elles av englar og mottoet Labora et Constancia ("Arbeid og utholdenhet"), som kan oppsummera forleggaren sitt liv. Plantins arvtakarar dreiv pressen i Antwerpen til 1867. Bygningen i Antwerpen er eit stort museum med blant anna boktrykkerverkstaden og eit bibliotek med over 25 000 band.

I likskap med trykkeren Robert Estienne gjorde Plantin eit nummer av den høge kvaliteten sin på korrekturen og utlovet ein belønning til dei som kunne finna feil. Plantin var ven av malaren Peter Paul Rubens. Rubens laga fleire illustrasjonar til publikasjonane hans og målte òg nokre portrett av Plantin-Moretusfamilien.

I meir enn to hundre år hadde Plantintrykkeriet monopol, løyvd av Vatikanet, for å trykkja liturgiske tekster.

I 2005 vart museet oppført på UNESCO si verdsarvliste.

Nokre berømte bøker frå Plantins trykkeri endre

  • 1555 – La Institutione di una Fanciulla Nata Nobilmente. L'Institution d'une Jeune Fille de Noble Maison. Traduuite de langue Tuscan en François. – Plantins første trykte bok, ein toskansk manual om korleis å utdanna unge kvinner frå fine familiar. 1555
  • 1562 – Dictionarium Tetraglotton – ei ordbok på gresk, latin, fransk og flamsk beståande av åtte folianter på hebraisk, latin, gresk, syrisk og arameisk.
  • 1579 – Theatrum Orbis Terrarum – eit atlas av Abraham Ortelius.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre