Museumssenteret i Hordaland
Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Nordhordland og Bergen kommune i Vestland fylke og har avdelingar i Salhus, på Lygra og Osterøy.
Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.
Museumssenteret i Hordaland er organisert som ei stifting. I 2007 fekk Museumssenteret tildelt prisen som Årets museum.
Avdelingar
endre- i Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- på Osterøy: Osterøy museum og Havråtunet
- på Lygra, Lindås: Lyngheisenteret
- på Sletta, Radøy: Vestnorsk utvandringssenter