Salhus er ei bygd i Åsane bydel i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden er kjend for tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, der det var produksjon frå 1859 til 1989. Delar av fabrikklokala er gjort om til Tekstilindustrimuseet, og administrasjonen til Museumssenteret i Hordaland[1] og konserveringsateliera Bevaringstenestene for musea i Hordaland[2] ligg også i fabrikkanlegget. Statistisk Sentralbyrå reknar Salhus som ein del av den samanhengande tettstaden Bergen, og fører difor ikkje folketalsstatistikk for staden. Så godt som heile tettstaden ligg innanfor grensene til matrikkelgarden Salhus, som i 2001 hadde 725 innbyggjarar. I 1960 var dette talet 1149 innbyggjarar.[3]

Salhus
stad
Salhus.jpg
Salhus ved Salhusfjorden

Foto: Bent Sigmund Olsen

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 725 (2017)
Postnummer 5107 SALHUS
Preposisjon i Salhus
Gardnummer 177

Salhus
60°30′25″ N 5°16′10″ E

I 1954 vart ferjesambandet Salhus-Frekhaug-Flatøy oppretta. Ferjekaien i Salhus vart nedlagd i 1985.

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

  1. http://www.muho.no
  2. http://www.muho.no/bevaringstenestene
  3. Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 169

BakgrunnsstoffEndra