Music for Airports

Ambient 1: Music For Airports
Studioalbum av Brian Eno
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1978
Innspelt London/Köln, 1978
Sjanger Elektronisk
Ambient
Eksperimentell
Lengd 48:32
Selskap EG, Polydor
Virgin, GRT
Produsent Brian Eno
Kritikk
Brian Eno-kronologi 
Before and after Science
(1977)
Ambient 1: Music For Airports Music For Films
(1978)


Ambient 1: Music for Airports er eit ambient-album av Brian Eno frå¨1978.

Oversyn endre

Music for Airports var det første av fire album Eno gav ut i «Ambient»-serien, eit uttrykk han skapte for å skilje den minimalistiske tilnærmingsmåten til songane på dette albumet og produkt frå «dei forskjellige leverandørane av musikk på boks».[2]

Liknande roleg, smålåten musikk hadde vore gjeve ut på album som Evening Star, Discreet Music, Music for Films og Harold Budd sitt The Pavilion of Dreams (som han produserte), men på dette albumet vart konseptet teke heilt ut.

Musikken vart utforma for å kunne spelast som ein kontinuerleg lydinstallasjon, med målet om å avdramatisere den spente, nervøse atmosfæren på ein flyplassterminal. Eno fekk denne ideen då han sat fast på Köln Bonn flyplass i Tyskland på midten av 70-talet. Han måtte vente i fleire timar og var særs irritert over den uinspirerte lydatmosfæren.[3]

Musikken vart nytta på Marine Air TerminalLaGuardia Airport i New York.

Alle songane vart komponerte av Eno, bortsett frå «1/1», som vart skriven av Eno, tidlegare Soft Machine-trommeslagar og vokalist Robert Wyatt og Rhett Davies.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«1/1» (Akustisk og elektrisk piano; synthesizer.)16:30
2.«2/1» (Vokal; synthesizer.)8:20
3.«1/2» (Vokal; akustisk piano.)11:30
4.«2/2» (Berre synthesizer. Varer 9:38 i boksen Working Backwards (1983).)6:00

Medverkande endre

Kjelder endre