Musikaren Don Dixon
Don Dixon (fødd 13. desember 1950 i Lancaster i Sør-Carolina) er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar, musikar, bassgitarist og ein sjeldan gong skodespelar. Dixon vert rekna som ein av nøkkelprodusentane i det som vert kalla janglepop-rørsla tidleg på 1980-talet. Han var i 13 år medlem av kultheltane Arrogance frå Nord-Carolina. I 1983 fekk Dixon merksemd då han saman med Mitch Easter produserte R.E.M.-plata Murmur og den påfølgjande frå 1984, Reckoning", også denne med Mitch Easter.
Musikaren Don Dixon | |||
Fødd | 13. desember 1950 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sør-Carolina | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Americana | ||
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Plateselskap | Enigma | ||
Verka som | musikar, låtskrivar |
Dixon er gift med songaren Marti Jones.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Don Dixon (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2008.