Musikkgruppa Fenring

Fenring var ei vise- og folkemusikkgruppe frå Askøy utanfor Bergen. Fenring tyder 'myr-rike' og er det gamle namnet på Askøy. Gruppa blanda norsk, skotsk og irsk tradisjon og skapte soleis sin eigen stil. I 1979 gav gruppa ut albumet Tilbakeblikk... med mellom anna fleire dikt av Olav Lavik tonsett av Vigleik Dyrøy og Jan Hanevik. Same året deltok dei i Erik Bye sitt program "Toner fra Askøy" saman med Lavik.

I Fenring var desse med: Hermod Brendsdal (fløyte), Helge Bjorøy (trekkspel), Bjørn Fluge (bass), Jan Hanevik (fele, song) og Vigleik Dyrøy (song, gitar).

På 90-talet gjenoppstod Fenring for ei kortare tid, men no som ei «prog-folk»-gruppe. Mannskapet var no: Randi Bjørnstad (ex. Bergeners, song), Dagfinn Holmedal (ex. Gloomy Caves, bass), Tom Guldbrandsen (Danmark, trommer), Sam Fossbakk (ex. Elektrisk Regn, sologitar),Jan Øyvind Hanevik (tangenter og fele) og Vigleik Dyrøy (gitar, song).

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Harald Clausen: «Suksess for Fenring»